Posta av: UG-styret | april 3, 2008

5.april

Laurdag 5. april vert det atter ein gong arrangert UG (også omtalt som ungdomsgruppa) på Frikyrkja i Ørsta.

 Temaet denne gongen kan vere noko som alt og ingenting, kos og hyggje, spel og leik. Sjølvsagt må vi ikkje gløyme å nevne andakt som er ein viktig post.

Mat og kiosk er også noko kvelden ikkje kan vere forutan. Takk og lov for det. Vi kan jo ikkje svelte heller.

Velkomne skal de i alla fall vera.

Posta av: UG-styret | mars 17, 2008

Påskevake

Onsdag 19. mars skal vi halde den legendariske påskevaka på Ørsta Frikyrkje.

Det vert ikkje så veldig mykje nytt i programmet, men du og du kor kjekt me skal få det!  Spel, mat, fussballturnering, kiosk og filmar kan ein seie vert stikkord for kvelden.

 Øystein Hovland skal halde andakt for kvelden.

Det heile startar klokka 20.00

Vel møtt.

- Styret

Posta av: UG-styret | mars 3, 2008

Nokre bilete frå Karneval-UG

blogg-bilde-021.jpg blogg-bilde-024.jpg

blogg-bilde-026.jpg blogg-bilde-032.jpg

blogg-bilde-030.jpg

blogg-bilde-043.jpg

Posta av: UG-styret | februar 21, 2008

Karneval-UG

Komande laurdag, den 23. februar, blir detklovn21.gif

karneval-UG i frikyrkjekjellaren.

Det heile startar kl. 20.00.

Utover kvelden blir det mange kjekke leikar,

spel og ikkje minst fuβballturnering.

Det blir også mat og andakt.

Kle deg ut og kom!

Posta av: UG-styret | februar 5, 2008

Film-UG

Laurdag klokka 20:00 vert det film-UG i frikyrkjekjellaren. Det vert altså film, men også mat, andakt, kiosk og sosialt samvere. Kom før alt er ferdig!

Posta av: UG-styret | januar 28, 2008

Årsmelding

Årsmelding for UG 2007

 

 

Ungdomsgruppa (UG) på Frikyrkja har samlingar annakvar laurdag klokka åtte, så langt det er mogleg. Det vert servert mat kvar gong, i tillegg til ein eigen kiosk. Opp gjennom åra har vi skaffa oss ein god del spel, og både bordtennis og fussball står til medlemmene sin disposisjon.

 

I løpet av våren -07, hadde UG rundt åtte samlingar i alt. Vi arrangerte påskevake natt til Skjærtorsdag. Vaka samla både fastbuande og fråflytta ungdommar. Hausten 2007 har styret nok ein gong blitt utsett for utskiftingar, men dette gjekk ikkje noko utover aktiviteten. Vi har hatt 7 samlingar i løpet av hausten. I tillegg til dette, arrangerte vi weekend på Bodalseidet Sportskapell, saman med KRIK og Pitstop (Ungdomsgruppa på Bedehuset). Andre helga i desember, stod vi som medansvarlege arrangørar for julegrantenniga på haldeplassen. I romjula arrangerte vi nattcup på Møre Folkehøgskule. Også dette arrangerte vi saman med Pitstop og KRIK. Cupen samla rekordmange folk.

 

Noko som er nytt denne hausten, er at vi har fått ein barne- og ungdomsarbeidar, Daniel dos Santos, som har vore på besøk to gongar i haust. Han har vore ei stor inspirasjonskjelde for oss i styret, og gjeve oss ny giv og lyst til å halde fram med arbeidet vårt.

 

Speidarlokalet er noko vi har arbeidd med denne hausten. Vi har rydda ut ein god del, og planleggjer å nytte lokala til både styremøte og samlingar. Vi har også ambisjonar om å bruke lokalet til kafé på seinare gospelnightar. Når vi likevel er inne på dette temaet, kan det nemnast at vi har brukt hausten til å planleggje ein gospelnight i januar.

 

Vi er som oftast omlag 15 ungdommar på kvart møte, og har prøvd ut fleire typar tema på samlingane. Blant anna val-UG, Bond- UG, turnerings-UG og mange film-UGar. Vi har andakt på kvart møte, noko vi tykkjer er særs viktig. Nokre av dei som har vore andaktshaldarar, er: Torhild Høydalsvik, Ellen og Øystein Hovland, Per Gunnar Sætre, Per Oleiv Hovland, Arnulf Hjertvik, Paul Kristian Hovden, Per Kristian Sætre og Elias Moe.

 

UG-styret vår 2007:

Styreformann: Geir Egil Eiksund

Nestformann: Martine Hjertvik

Kasserar: Synnøve Marie Sætre

Skrivar: Heidi Ørstavik

Styremedlem: Torkjell Hovland

Styremedlem: Eivind Grimstad

 

UG-styret haust 2007:

Styreformann: Synnøve Marie Sætre

Nestformann: Torkjell Hovland

Kasserar: Sofie Hjertvik

Skrivar: Heidi Ørstavik

Styremedlem: Eivind Grimstad

 

Økonomi:

I eige per 31.12.06 …………………6926,32

Inntekter………………………………19424,32

Utgifter…………………………………..7682,63

Uteståande fordringar…………….979,00

I eige per 31.12.07…………………11791,19

 

Posta av: UG-styret | januar 19, 2008

18.januar

Fredag 18. januar skjedde det! Noko liknande har du moglegens lest før, og ja. Men merk deg at vi no kan skrive i preteritum. Gospelnighgt er no i skrivande stund noko som har teke stad, og Han såg at det var godt. Vellukka var det i alle fall, med god stemning og flinke folk i aksjon. Det heile starta med ei morosam opning der den gamle radioen på plakaten hadde ei sentral rolle. Eivind Lystad Grimstad var mannen som losa trygt gjennom kvelden.

Så vart det mykje allsong med friske rytmer. Deretter var det Dakruko  sin tur, og dei song tre flotte songar om å konvertere til muslim. Neida, hehe, dei var jo sjølvsagt om Jesus Christ Superstar (eller superspar om du vil). Så vart det enda meir allsong, før Sunniva Redse Mjaaseth stemde i med ein vakker salme. Henrik Koppen og Torkjell Hovland akkompagnerte på flygel og kontrabass.

Geir Lande heldt ei knakande god andakt, og etter dette var det Blind boys of Follestadalen (Simen Manseth Rebbestad, Torgeir Hovden Standal og Torkjell Hovland) som stod for tur. Dei hadde ei flott framføring av ein flott bluegrass-låt; Blue Moon of Kentucky. Etter det fekk vi servert tre flotte songar frå bandet Krossover. Bandet består av Per Gunnar Sætre, Kristian Sætre, Oddvar Marøy, Bjørn Marius Øyehaug og Håvard Sætre.Det heile vart avslutta med ein heidundrandes songbolk. Blant dei heidundrande songane var kanskje reggea-versjonen av Lean on me den beste. Vi vonar at publikum sette pris på arrangementet. Sjølve er vi i alle fall særs nøgde. Noko av det beste er kanskje det økonomiske rundt dette prosjektet. Hald deg fast der du sit: vi gjekk jammen ta med overskot, og det med eit firesifra beløp. Huhei, dette gav meierismak. Det er vel kanskje første gongen i historia at ein gospelnight har enda med slikt eit overskot. Så vil vi berre ynskje oss sjølve lukke til med vidare førebuingar til neste gong. Då satsar vi stort på det meste.  Og til slutt vil vi takke alle som bidrog med både det eine og det andre. Særskilt det andre. Tusen takk! Etterkvart vil det nok også kome bilete, så det er berre å fylje med! geirweb1.jpgblindboysweb3.jpg 

Posta av: UG-styret | januar 15, 2008

Gospelnight

gospelnightweb3.jpg

Posta av: UG-styret | januar 15, 2008

Gospelnight 2008

Fredag 18. januar skjer det! Ungdomsgruppa i Ørsta Frikyrkje arrangerer atter ein gong gospelnight. Det blir mykje song og musikk. Vi satsar på mykje allsong som blir leia av husbandet for anledninga. I tillegg kjem koret DAKRUKO frå Dalsfjorden og bidreg med song. Vi får også besøk av bandet Krossover. Geir Lande held andakta for kvelden. Etter gospelnighten blir det kafé i underetasjen, med mykje god mat. Det heile tek til kl. 20.00, og det er gratis inngong. Vel møtt alle saman!

Posta av: UG-styret | januar 13, 2008

UG-bloggen er komen!

Gud sa: Lat det bli blogg! Og blogg blei det.

Hei og velkomen til UG-bloggen. Her kjem det til å kome informasjon om kva som skjer på Kyrkja den Kvite i Ørsta. Følg med.

kategoriar