Posta av: UG-styret | januar 19, 2008

18.januar

Fredag 18. januar skjedde det! Noko liknande har du moglegens lest før, og ja. Men merk deg at vi no kan skrive i preteritum. Gospelnighgt er no i skrivande stund noko som har teke stad, og Han såg at det var godt. Vellukka var det i alle fall, med god stemning og flinke folk i aksjon. Det heile starta med ei morosam opning der den gamle radioen på plakaten hadde ei sentral rolle. Eivind Lystad Grimstad var mannen som losa trygt gjennom kvelden.

Så vart det mykje allsong med friske rytmer. Deretter var det Dakruko  sin tur, og dei song tre flotte songar om å konvertere til muslim. Neida, hehe, dei var jo sjølvsagt om Jesus Christ Superstar (eller superspar om du vil). Så vart det enda meir allsong, før Sunniva Redse Mjaaseth stemde i med ein vakker salme. Henrik Koppen og Torkjell Hovland akkompagnerte på flygel og kontrabass.

Geir Lande heldt ei knakande god andakt, og etter dette var det Blind boys of Follestadalen (Simen Manseth Rebbestad, Torgeir Hovden Standal og Torkjell Hovland) som stod for tur. Dei hadde ei flott framføring av ein flott bluegrass-låt; Blue Moon of Kentucky. Etter det fekk vi servert tre flotte songar frå bandet Krossover. Bandet består av Per Gunnar Sætre, Kristian Sætre, Oddvar Marøy, Bjørn Marius Øyehaug og Håvard Sætre.Det heile vart avslutta med ein heidundrandes songbolk. Blant dei heidundrande songane var kanskje reggea-versjonen av Lean on me den beste. Vi vonar at publikum sette pris på arrangementet. Sjølve er vi i alle fall særs nøgde. Noko av det beste er kanskje det økonomiske rundt dette prosjektet. Hald deg fast der du sit: vi gjekk jammen ta med overskot, og det med eit firesifra beløp. Huhei, dette gav meierismak. Det er vel kanskje første gongen i historia at ein gospelnight har enda med slikt eit overskot. Så vil vi berre ynskje oss sjølve lukke til med vidare førebuingar til neste gong. Då satsar vi stort på det meste.  Og til slutt vil vi takke alle som bidrog med både det eine og det andre. Særskilt det andre. Tusen takk! Etterkvart vil det nok også kome bilete, så det er berre å fylje med! geirweb1.jpgblindboysweb3.jpg 


Svar

  1. Eg innser at eg burde ha vore der. Og fordi eg har vore kasserar i UG, så er eg direkte sjokka over det økonomiske resultatet. Gratulerer så mykje!

  2. Ja fytti flate! Steik kor de får det til fortida! Dette var godt nytt. Og eg stemmer i med pk, for ein økonomi, og i dette høve vil eg vere så frimodig å ymte fram på at de kanskje kan bruke overskotet til å sponse ein heimtur på meg og Geir Egil ein gong det er UG..det var ein heidundrandes idè, for å bruke dykkar eigne ord. Bra jobba kids! heh..

  3. Gjennomimponert! Og sjalu. Alt de får til etter at eg og Martine reiste bort! Vidare støttar eg sjølvsagt idéen om reisestøtte! Hehe. Jepp! Eg vil forøvrig gjerne at de arrangerer UG sånn rundt veke sju/åtte. Slik at de kan sponse heimturen min til vinterferien! Hehe. Jepp! Snakkast. Og eg kjem til å halde meg oppdatert her på bloggen. Strålande idé rett og slett. Lukke åt vidare!

  4. Eg skjønar kvifor UG-kassa var tom på dykkar tid, sidan de to hadde henne til rådigheit (som forresten var eit dårleg ord).

  5. Rådevelde. Det er eit godt ord. Og elles kan ei tom UG-kasse ha så ymse årsaker. Og kva skulle Geir Egil og Martine med reisestønad då dei budde heime?

  6. Ja det var eit særs godt poeng, PK. Kva seier de til det, folkens? Har de noko respons? Eller kanskje det var sjølvaste Per Kristian som fekk billigturar heim?

  7. Eg kan ikkje hugse å ha fått reisestønad frå UG. Men eg veit at det har vore utbetalt slikt ein gong – men då må du lenger bak i soga, Martine.

  8. Etter å ha lese Møre-Nytt frå tysdag (me ligg litt etter her i hovudstade når det gjeld viktige ting), har eg eitt lite spørsmål: “Blind Boys of Follestaddalen” eller “Blind Voice og Follestaddalen”? Eg må innrømme at eg har stor sans for båe, og at ingen av dei er heilt urimelege allusjonar med tanke på at Torkjell er inne i biletet. Men eg undrast…

  9. Eg må innrømme at eg var med på å skrive innlegget om gospelnight her på bloggen. Og eg må også innrømmeat eg vart særs usikker no. Men vi skreiv i alle fall berre av frå Henrik sin blogg. Og med tanke på litt rot i artikkelen i Møre-Nytt, så tek eg Henrik for å vere ei god kjelde. Men eg veit altså ikkje.

  10. Gratulerer med UG-blogg!
    Slikt kunne ein sjå langt etter i mi tid i styret. Godt å sjå at Frikyrkja heng med i dagens teknologi! :)
    Blind boys of Follestaddalen gav litt meir meining enn det som stod i Møre-Nytt. Sat lenge å grubla over bandnamnet då eg las avisa, så eg satsar på bloggversjonen er det rette..


Legg igjen ei tilbakemelding

Ditt svar:

kategoriar