Årsmelding for UG 2007
Ungdomsgruppa (UG) på Frikyrkja har samlingar annakvar laurdag klokka åtte, så langt det er mogleg. Det vert servert mat kvar gong, i tillegg til ein eigen kiosk. Opp gjennom åra har vi skaffa oss ein god del spel, og både bordtennis og fussball står til medlemmene sin disposisjon.
I løpet av våren -07, hadde UG rundt åtte samlingar i alt. Vi arrangerte påskevake natt til Skjærtorsdag. Vaka samla både fastbuande og fråflytta ungdommar. Hausten 2007 har styret nok ein gong blitt utsett for utskiftingar, men dette gjekk ikkje noko utover aktiviteten. Vi har hatt 7 samlingar i løpet av hausten. I tillegg til dette, arrangerte vi weekend på Bodalseidet Sportskapell, saman med KRIK og Pitstop (Ungdomsgruppa på Bedehuset). Andre helga i desember, stod vi som medansvarlege arrangørar for julegrantenniga på haldeplassen. I romjula arrangerte vi nattcup på Møre Folkehøgskule. Også dette arrangerte vi saman med Pitstop og KRIK. Cupen samla rekordmange folk.
Noko som er nytt denne hausten, er at vi har fått ein barne- og ungdomsarbeidar, Daniel dos Santos, som har vore på besøk to gongar i haust. Han har vore ei stor inspirasjonskjelde for oss i styret, og gjeve oss ny giv og lyst til å halde fram med arbeidet vårt.
Speidarlokalet er noko vi har arbeidd med denne hausten. Vi har rydda ut ein god del, og planleggjer å nytte lokala til både styremøte og samlingar. Vi har også ambisjonar om å bruke lokalet til kafé på seinare gospelnightar. Når vi likevel er inne på dette temaet, kan det nemnast at vi har brukt hausten til å planleggje ein gospelnight i januar.
Vi er som oftast omlag 15 ungdommar på kvart møte, og har prøvd ut fleire typar tema på samlingane. Blant anna val-UG, Bond- UG, turnerings-UG og mange film-UGar. Vi har andakt på kvart møte, noko vi tykkjer er særs viktig. Nokre av dei som har vore andaktshaldarar, er: Torhild Høydalsvik, Ellen og Øystein Hovland, Per Gunnar Sætre, Per Oleiv Hovland, Arnulf Hjertvik, Paul Kristian Hovden, Per Kristian Sætre og Elias Moe.
UG-styret vår 2007:
Styreformann: Geir Egil Eiksund
Nestformann: Martine Hjertvik
Kasserar: Synnøve Marie Sætre
Skrivar: Heidi Ørstavik
Styremedlem: Torkjell Hovland
Styremedlem: Eivind Grimstad
UG-styret haust 2007:
Styreformann: Synnøve Marie Sætre
Nestformann: Torkjell Hovland
Kasserar: Sofie Hjertvik
Skrivar: Heidi Ørstavik
Styremedlem: Eivind Grimstad
Økonomi:
I eige per 31.12.06 …………………6926,32
Inntekter………………………………19424,32
Utgifter…………………………………..7682,63
Uteståande fordringar…………….979,00
I eige per 31.12.07…………………11791,19
Flott årsmelding. Stå på!
Av: Øystein den februar 3, 2008
kl 5:14 pm